UNIVERSITETSSTYRET
Universitetet i Bergen
Arkivkode: |
|
Styre-sak: 53 |
Sak nr.: 2005/5751 |
|
Møte: 9.6.05. |
SPRÅKPOLITIKK I
UNDERVISNINGSSAMANHENG |
Debatten om norsk språk si framtid er igjen høgaktuell.
Ikkje berre fordi ein veit at det i åra framover vil gå føre seg ein reell
språkdød verda over, der optimistane reknar at om lag halvparten av dagens seks
tusen språk er borte om hundre år, medan pessimistane ikkje har tru på at det
er meir enn ei handfull språk att ved neste hundreårskifte. Men like mykje
fordi den omfattande engelskbaserte globaliseringsprosessen gjer at dei fleste
språk misser bruksområde til engelsk i til dømes næringsliv,
teknologiutvikling, underhaldning, forsking og utdanning. I fleire land har
dette ført til at ein no legg politiske strategiar for å trygge nasjonalspråket
som fullgodt samfunnsspråk i framtida.
Slik også her i landet. Norsk språkråd har oppnemnt ei
strategigruppe under leiing av professor Gjert Kristoffersen ved Universitetet
i Bergen. Denne gruppa skal lage ein handlingsplan som drøftar utfordringane og
set opp måla for ein norsk språkpolitikk. Å finne fram til tiltak og strategiar
for å motverke såkalla domenetap, altså der engelsk tek over som daglegspråk i
enkelte delar av samfunnet, vil vere ei hovudoppgåve for utvalet.
Akademia er eitt av dei områda som er avgjerande for å
ta vare på det norske språket, og i ei samtale i ”På Høyden” i november i fjor,
seier Kristoffersen mellom anna at ”i dag skjer mykje fagpublisering ved
universiteta på engelsk og det er ei viss omlegging til engelsk som
undervisningsspråk. Overtek engelsk også som daglegspråk i visse fagmiljø ved
universiteta, kan dette gjere at vi mister det norske fagspråket som er knytt
til dei faga dette gjeld.” Kristoffersen fryktar at dersom vi mister det norske
fagspråket kan vi mangle eit språk for formidling.
I dag publiserer mange forskarar på engelsk, og det
seier seg sjølv at forskarar som ønskjer å formidle resultata sine til det
internasjonale forskarsamfunnet ikkje kan gjere dette på norsk. Samstundes har
lærestadene i Noreg ei forplikting til å gje undervisning på engelsk når dei
inngår samarbeidsavtaler med utanlandske institusjonar. I samband med drøftinga
styret gjorde om framlegget til utdanningskapitlet i ny strategisk plan for
UiB, vart det semje mellom anna om følgjande:
* Språket i undervisningen på
bachelornivå vil normalt være norsk, med unntak av undervisningen i
fremmedspråk. Samtidig skal det legges til rette for et variert
undervisningstilbud på engelsk på alle nivå, slik at Universitetet i Bergen kan
rekruttere utenlandske studenter og forbli en attraktiv samarbeidspartner
internasjonalt.
* Universitetet i Bergen skal
aktivt arbeide for å styrke den språklige kompetansen hos lærerne som gir
undervisning på engelsk.
Slik sett kan ein
seie at engelsk representerer ei utfordring for universiteta, både for forsking
og undervisning, og at mange spør seg om universiteta er i ferd med å bli
bilingvale. I september i år vil det t.d. bli halde ein internasjonal
konferanse ved Universitetet i Helsinki, der følgjande problemstillingar vil
bli drøfta:
a. Future scenarios
for higher education
b. English - threat
or opportunity?
c. How does the EU
foresee the future for multilinguism in
d. The role of
multilingual
instruction
e. Creating and
implementing multilingual policies
f. Designing and
assuring good practice of multilingual higher education
g. The impact of
globalisation on higher education
The major objective
of this Conference is to share insight on research and experience, and identify
factors which promote or hinder the availability of multilingual higher
education. Involving some of the world’s most prominent scholars in the field,
the Conference Bi-and multilingual universities challenges and future prospects
will be a 2005 watershed event on critical issues in higher education.
Noreg er såleis
ikkje det einaste landet som er oppteke av språkpolitikk, og det er her lagt
ved ei liste over lenker til m.a. danske og svenske nettstader der desse
problema og utfordringane vert drøfta.
Også for Universitetet
i Bergen er det viktig å ta del i denne debatten, og gripe fatt i den
utfordringa det er for studentane og for lærarane at universitetet er i ferd
med å bli bilingvalt. Spørsmåla som då reiser seg er mellom anna:
Universitetsdirektøren sine merknader:
Fleire store
nordiske undersøkingar dei seinaste åra syner at det vitskaplege språket i
stadig vidare omfang er engelsk. Særleg gjeld dette innafor naturvitskapane og
helsefaga. Men også samfunnsvitskapleg forsking vert alt oftare publisert på
engelsk. Dette er naudsynt om norske forskarar skal kunne inngå i internasjonale
nettverk og få del i internasjonale forskingsressursar. Universitetet i Bergen har
også forpliktingar gjennom internasjonale samarbeidsavtaler til å gje
undervisning i eit visst omfang på engelsk. Då må universitetet vere villig til
å drøfte den språklege kvaliteten på denne formidlinga.
Både når det gjeld
forsking og undervisning er det essensielt å kunne uttrykkje seg med alle
språket sine ressursar, ikkje berre gje uttrykk for det ein kan, men det ein
vil. Då er det ikkje alltid at den engelske språkføringa er optimal for den
formidling som skal skje gjennom undervisning og forsking. Både
presisjonsnivået og språkleg variasjon vil ofte bli betre på morsmålet.
Universitetet har og ei plikt til å formidle sine forskingsresultat til
ålmenta. I denne rolla er det framleis eit udiskutabelt krav at slik formidling
kan skje på norsk.
Universitetsdirektøren
vil på dette grunnlaget tilrå:
Meir konkret
vil ein i samsvar med Utdanningsstrategien rå til at:
*Undervisning på lågare grad
(bachelor-nivå) er som hovudregel på norsk. Unntak vil gjelde i opplæring i framandspråk
og i kurs særleg lagt til rette for utanlandske studentar/kvotestudentar.
*På høgare grad (master nivå) vil
ein større del av undervisninga vere på engelsk, etter ei konkret vurdering av
innslaget av utanlandske studentar, ev norskspråklege studentar sitt behov for
å nytta engelsk i faget og av innslaget av utanlandske lærekreftar.
Universitetsdirektøren
vil vurdere å sette ned ei arbeidsgruppe for å greie ut dei andre tilrådingane etter drøftingane i styret.
Utkast til
vedtak:
Styret tek
saka til orientering.
25.5.2005/lhn-hhb
Vedlegg:
Nordmålforum 16.-18.
november 2001:
Nordens Sprog i en
internationaliseringstid
Mål i mun - Förslag till handlingsprogram för
svenska språket, SOU 2002:27
http://www.regeringen.se/sb/d/108/a/1443
Sprog på spil. Et udspil til en dansk sprogpolitik
Tänk om ...Svenska språknämndens förslag till
handlingsprogram
för svenskan i Finland
http://www.kotus.fi/svenska/handlingsprogram.shtml
Konferanse
om parallellspråklighet i universitets- og høgskolesektoren i Norden
http://www.sprakrad.no/templates/Page.aspx?id=7385